NRK sitt program “Etter skoletid” frå Sauda i 1968

I 1968, då eg gjekk siste året på det som då var Sauda gymnas, var programleiaren Arne Grimstad i NRK sitt program Etter skoletid på besøk i Sauda for å laga sending saman med Kjell Gunnar Heimark.

Underteikna var mellom dei som vart intervjua i programmet (eg spela klarinett i russeorkesteret), og sidan eg også åtte ein bandopptakar, tok eg det opp då det vart sendt. I samband med at eg går gjennom gamle lydband kom eg over programmet, og her er det.

Namn som er nemnde på opptaket, i tillegg til Heimark og meg sjølv, er Finn Skagen, Astrid van Zijp og Måløy-buen Finn Kvalvik. Andre vil sikkert kjenna att fleire enn kva eg gjer.

Her er opptaket – klikk på triangelet til venstre for å høyra: